Har du misfarga tenner? Syns du det er flaut å smile? Kontakt Eikås Tannlegesenter AS. Vi kan hjelpe deg med bleiking eller fasettbehandling.

Hva forårsaker misfarging?

Tennene si overflate vert misfarga av mellom anna kaffe, rødvin og te. Dei kan også bli misfarga av tobakk og snus, eller matvarer med mykje fargestoff som til dømes blåbær.

Andre årsaker til misfarging kan være tannskader som fører til at nervene i tanna døyr. Dette resulterer i ei grå eller gråblå misfarging. Dersom ein tek inn for mykje fluor medan tennene er under utvikling, kan dette vise seg som kvite flekkar på dei permanente tennene. Dette vert kalla Dental Fluorose.


Bleking

Hos oss er det råd å få kvitare tenner i løpet av kun eit besøk.

Det vanlegaste er likevel ”heimebleiking”. Då administrerer pasienten sjølv bleikeprosessen som føregår ved at pasienten ligg med bleikeskinne om natta.

Behandlingstid er då 7-12 dagar.


Viktig å hugse ved bleking

Tennene må rensast nøye for å få vekk tannstein og plakk, slik at bleikemiddelet får jevn kontakt med heile tannoverflata. Karies og utette fyllingar må utbetrast før bleikinga startar for å unngå at bleikemiddelet trenge inn og skadar nerven i tanna. Gamle fyllingar i bleikeområdet blir ikkje kvitare med bleiking, og må skiftast til riktig farge etter behandlinga.


Fasettbehandling

Dette er tynne porselensskal som kan limast på tanna si fasadeflate og gje inntrykk av ei heilt ny og feilfri tann.