Eikås Tannlegesenter AS vart etablert i 1983. Jon-Reidar Eikås starta foretaket etter endt utdanning, og har drive det sidan.

På Eikås Tannlegesenter AS er vi i dag tre tannlegar, to tannpleiarar, to tannhelsesekretærar, ein sjukepleiar, ein bioingeniør og ein reinhaldar.


Kompetanse

Vi har spesialkompetanse innan implantatprotetikk. Autorisasjon for kjeveortopedisk Invisalign-behandling. I tillegg har kontoret lang erfaring og stort behandlingsspekter.


Tenester

Eikås Tannlegesenter AS utfører mellom anna fyllingsterapi, alle typar protetisk behandling, rotfylling, fjerning av visdomstenner, tann- og kjevekirurgisk behandling også innsetjing av tannimplantat, estetisk tannbehandling, behandling av tannkjøttsjukdom og førebyggjande behandling. Vi tibyr pasientane regelmessig innkalling for kontroll og førebyggjande/rehabiliterande behandling.

Vårt mål er god munnhygiene og problemfrie tenner.