Vi tilbyr alle variantar av faste og avtakbare proteser.

Delprotese

Ei delprotese blir brukt når fleire tenner manglar, og dei gjenverande tennene er stabile og kan brukast som støtte for delprotesa.


 

Heilprotese

Heilprotese kan vere eit alternativ når alle tennene i ein kjeve skal erstattast.


 

Fast konvensjonell protetikk

Dette vert brukt som behandling på enkelttenner i form av kroneterapi der tannkrona er så øydelagd at vanleg fyllingsterapi ikkje er aktuelt. I tillegg kan det byggjast brukonstruksjonar der ei tann-eller fleire tenner manglar, men der nabotenner kan brukast som feste for ei bru.


 

Fast eller avtakbar implantatprotetikk

Titanskruar vert operert inn i kjevebeinet og fungerer som feste for kroner, bruer eller avtakbare proteser (dekkproteser).