Gingivitt er ein overflatisk betennelse i tannkjøttet. Denne er karakterisert ved rødt og hovent tannkjøtt som blør lett ved tannpuss.

Periodontitt er ein betennelse som gjer varig skade på tanna sitt feste.

Dei første teikn på sjukdomen kan vere gingivittsymptom.

Periodontitt kan også ha eit meir snikande forløp, og pasienten merkar ikkje noko før tennene blir lause eller kjem ut av opphaveleg stilling. Får tilstanden utvikle seg, kan den bli svært vanskeleg å behandle og det kan bli nødvendig å trekke tenner.

Spør oss om tannkjøttsjukdom og symptom.