Estetisk tannbehandling

Har du misfarga tenner? Synest du det er flaut å smile? Eikås Tannlegesenter kan hjelpe deg med bleiking eller fasettbehandling.

Kva er årsaka til misfarging?

Tennene si overflate vert misfarga av mellom anna kaffe, rødvin og te. Dei kan også bli misfarga av tobakk og snus, eller matvarer med mykje fargestoff, som til dømes blåbær.

Andre årsaker til misfarging kan være tannskadar som fører til at nervane i tanna døyr. Dette resulterer i ei grå eller gråblå misfarging. Dersom ein tek inn for mykje fluor medan tennene er under utvikling, kan dette vise seg som kvite flekkar på dei permanente tennene. Dette vert kalla dental fluorose.


Bleiking

Det mest vanlege er ”heimebleiking”. Då administrerer pasienten sjølv bleikeprosessen ved at han/ho ligg med bleikeskinne om natta. Behandlingstid er mellom 7-12 dagar.

 

Viktig å hugse ved bleiking

Tennene må rensast nøye for å få bort tannstein og plakk, slik at bleikemiddelet får jevn kontakt med heile tannoverflata. Karies og utette fyllingar må utbetrast før bleikinga startar, dette for å unngå at bleikemiddelet trenger inn og skadar nerven i tanna. Gamle fyllingar i bleikeområdet blir ikkje kvitare med bleiking, og må skiftast til riktig farge etter behandlinga.


Fasettbehandling

Dette er tynne porselensskal som kan limast på tanna si fasadeflate og gje eit inntrykk av ei heilt ny og feilfri tann.