Førebyggjande behandling

Målet med førebyggjande behandling er å hindre utvikling av tannsjukdomar og tannråte.

Vi vil motivere pasientane til å bruke munnhygieniske hjelpemiddel og om nødvendig gje kosthaldsrettleiing.

Tannrens er nødvendig med jamne mellomrom for å oppretthalde god munnhygiene. Det er viktig å fjerne tannstein, fyllingsoverskot, plakk og belegg, då dette kan forårsake karies og tannkjøtsjukdomar.

Spør oss om førebyggjande behandling og god munnhygiene.