Invisalign

Gjennomsiktige skinner som gradvis flyttar tennene dine.

Eit smil kan endre alt

Invisalign-behandling medfører at du kan få det smilet du alltid har drøymt om. Behandlinga har nesten ingen innverknad på ditt daglege liv, då du brukar ein serie med nesten usynlege, uttakbare reguleringsskinner som er spesialtilpassa dine tenner. Du byter reguleringsskinne kvar fjortande dag, og tennene dine vil gradvis flytte seg, veke etter veke, mot den endelege tannstillinga.

Konsultasjonstime

På ein konsultasjonstime hos oss vil vi ha ein samtale om dine tenner og dine ønskjer. Invisalign-behandling passar for dei som har ei eller fleire skeive tenner, overbitt eller mellomrom mellom tennene.

Du får sjå ein detaljert behandlingsplan sett opp ved bruk av ClinCheck®, vår virtuelle 3D behandlingsplan. ClinCheck er eit videoklipp som viser posisjonsendringane tennene dine skal gjennom i løpet av behandlinga. Her får du sjå korleis tennene vil sjå ut etter endt Invisalign-behandling.