Det kan vere fleire årsaker til at ei tann må rotfyllast.
Som eksempel kan vi nemne karies, mekaniske traumer eller tannløsningssjukdom. Nerven inne i tanna blir fjerna av tannlegen, før rotkanalen blir reinsa mekanisk og kjemisk. Etter eit par besøk vert den utreinsa rota fylt igjen. I ettertid må tanna kontrollerast med røntgen for å vurdere om behandlinga var vellykka eller ikkje.
Dersom eit hol er i ferd med å bryte gjennom emaljen, må dette behandlast. I tanna vert det som regel lagt ei plastbasert fylling.
Amalgam vert ikkje lenger brukt til dette formålet.