Behandling av tannkjøtsjukdomar

Gingivitt er ein overflatisk betennelse i tannkjøtet. Denne er karakterisert ved raudt og hovent tannkjøt som blør lett ved tannpuss.

Periodontitt er ein betennelse som gir varig skade på tanna sitt feste. Dei første teikna på sjukdomen kan vere gingivittsymptom.

Periodontitt kan også ha eit meir snikande forløp der pasienten ikkje merkar noko før tennene blir lause eller kjem ut av opphaveleg stilling. Får tilstanden utvikle seg, kan den bli svært vanskeleg å behandle, og det kan bli nødvendig å trekke tenner.

Spør oss om tannkjøtsjukdom og symptom.